Ikornnes kyrkje, tidlegare Ikornnes kapell, er ei arbeidskyrkje på Ikornnes i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Grunnsteinen til kyrkja vart lagd ned 9. mai 1976 og kyrkja vart vigsla 22. januar 1978. Arkitekt var Alf Apelseth. Kyrkja er bygd i betong og mexistein og har ein frittståande klokkestopul.
Kyrkjerommet har 350 sitjeplassar, i tillegg har kyrkjesota 150 plassar. Inventaret er frå byggeåret eller seinare. Frå starten hadde kyrkja ein kross til altertavle. Han vart bytt ut med ei tavle laga av Anne Brit Kragh i 1997.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Kyrkjegard for heile kommunen er på Aure.
Kyrkja vart til stor del bygd for innsamla midlar og ved dugnadsinnsats.
Kjelder «Ikornnes kyrkje» på nettstaden til Sykkylven kommune Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Ikornnes kapell», s. 299
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Ikornnes kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Visitasmelding for Sykkylven og Ikornnes sokn 2009 på nettstaden til Sykkylven kommune
Kategori:Alf Apelseth Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Austre Sunnmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Sykkylven Kategori:Norske kyrkjer frå 1978