Pensjonistpartiet vart danna i 1985 som ein protest mot at saker som var viktige for pensjonistar og eldre ikkje var dominerande nok i samfunnsdebatten og at det var for få eldre i avgjerande politiske stillingar.
Partiet byggjer på eit kristent grunnlag og fokuserer sterkt på å betre livssituasjonen til eldre og andre svake grupper i samfunnet.
Partiet har per mars 2023, 14 fylkeslag og 52 lokallag spreidde omkring i landet. Pensjonistpartiets Ungdom starta i 2009, med eit lokallag i Vest-Agder.NRK Sørlandet:Han er pensjonistungdom
Pensjonistpartiet var det første norske politiske partiet som sende politisk reklame på fjernsyn, sjølv om dette er ulovleg i Noreg.«TV Vest sender politisk reklame» av Hilde Charlotte Solheim, Kampanje 12. august 2003
Representantar frå pensjonistpartiet har aldri blitt valde inn til Stortinget, men dåverande stortingsrepresentant Arne Haukvik melde overgang til Pensjonistpartiet då han ikkje blei renominert for Senterpartiet i 1997.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Pensjonering i Noreg