mini|Den danske skodespelaren Preben Kristensen. mini|Den norske fotballspelaren Preben Mankowitz. Preben er eit dansk mannsnamn danna av det eldre Pridbjørn, som kjem frå det sorbiske namnet Pritbor. Dette er danna av namneledda prid, 'først', og bor, 'kamp'.

Preben har norsk namnedag den 31. mai.

Namnet tok til å brukast i Noreg frå 1910-åra. Det blei svært populært rundt 1985, då over 0,25 % av nyfødde gutar kunne få det. Etter ein brukstopp rundt 1995 gjekk bruken nedover. I 2009 var det 2 078 menn i Noreg som heitte Preben.

Namneberarar Preben von Ahnen (1606-1675), dansk-norsk embetsmann og godseigar Preben Kielland Krag (1912-1980), norsk arkitekt Preben Hornung (1919–1989), dansk målar Preben Munthe (f. 1922), norsk økonomiprofessor Preben Møller Hansen (f. 1929), dansk politikar Preben Fabricius (1931–1984), dansk designar Preben Maegaard (f. 1935), dansk pionér innan fornybar energi Preben Colstrup (f. 1947), norsk målar og informasjonssjef i NSB Preben Kristensen (f. 1953), dansk skodespelar Preben Elkjær (f. 1957), dansk fotballspelar Preben Mankowitz (f. 1990), norsk fotballspelar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Preben» frå , den 29. mai 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Danske førenamn Kategori:Førenamn av slavisk opphav Kategori:Namn knytte til strid