Ingunn Margrete van Etten () er ein norsk illustratør og biletkunstnar. Ho har utdanning frå Frankrike, Belgia og Noreg. Som illustratør arbeider ho mest med biletbøker for born, illustrasjonar i skulebøker og bokomslag. Ho har også hatt fleire utstillingar som biletkunstnar.

Ingunn van Etten er oppvaksen og busett på Grimo i Ullensvang herad. Det er også ho som har utforma skulpturen som markerer tusenårsstaden i Ullensvang, nemleg sentrum og kaiområdet på Utne. Skulpturen står på kaia på Utne og vart avduka i 2007.

Eigne barnebøker

Trollkjerringa i Hausafjellet (1999) Meistersmeden (2002)

Eit utval barnebøker illustrerte av van Etten

Liv Holmen: Så nær (1980) Tor Åge Bringsværd: Tordenguden (1988) Hans Sande: Den dagen det regna kattungar (1988) Hans Sande: Sprettert og eg (1991) Gunn Marit Meyer: 4,5,6 heks (1994)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1999 Kategori:Nynorskforfattarar