Nils Ketil Andresen () er ein norsk siviløkonom og programdirektør i TV 2. Andresen har arbeidd i fjernsynskanalen heilt sidan han starta opp i 1992. Før han vart programdirektør, var han researchsjef, planleggingssjef, direksjonssekretær og programredaktør. Han byrja karrieren sin som seljar i TVNorge i 1989, der han etter kvart vart planleggingssjef.

Andresen har også vore produsent for fleire episodar av den svenske spenningsserien Beck, i tillegg til at han har vore medprodusent for eit par kinofilmar, deriblant Ulvenatten (2008).

Utdanninga si har han frå Noregs Handelshøgskule.

Kjelde Knut Olav Åmås [red.]: «Andresen, Nils Ketil» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Kategori:Norske siviløkonomar Kategori:Norske mediefolk