Joseph Rudyard Kipling () var ein britisk forfattar. Han er kjend for barnebøker som Jungelboka (1894), Kim (1901) og Just So Stories (1902), dikt som «If—» og «The White Man's Burden», og fleire noveller frå Britisk India, og skreiv også reportasjar og reiseskildringar. Kipling blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1907 som den fyrste engelskspråklege og den yngste nokonsinne. Han blei også tilbode britiske riddarordenar og stillinga som Poet Laureate (statsdiktar), noko han takka nei til.

Kipling var svært godt likt for dikta og forteljingane sine i si levetid, men blei mot slutten av tida for Det britiske imperiet sett på som meir av ein «profet for britisk imperialisme».«He was the prophet of British Imperialism in its expansionist phase ». George Orwell, «Rudyard Kipling». Mange av verka hans blei sett på som unødig brutale og fordomsfulle. Barnelitteraturen har derimot overlevd og vidareført til nye medium som film og fjernsyn, til dømes Mowgli og Rikki-Tikki-Tavi frå Jungelboka og guteboka Kim.

Verkliste (ufullstendig) The Story of the Gadsbys (1888) Plain Tales from the Hills (1888) The Phantom Rickshaw and other Eerie Tales (1888) The Light That Failed (1890) Mandalay (1890) (dikt) Gunga Din (1890) (dikt) The Jungle Book (1894) (forteljingar) The Second Jungle Book (1895) (forteljingar) If— (1895) (dikt) Captains Courageous (1897) The Day's Work (1898) Stalky & Co. (1899) Kim (1901) Just So Stories (1902) Puck of Pook's Hill (1906) Life's Handicap (1915) (noveller)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rudyard Kipling» frå , den 7. juni 2009.

Bakgrunnsstoff

Ressursar IMDb si side om Kipling Omtale av Kipling hos Nobelprisen si heimeside. Heimeside til The Kipling Society Kipling på Fantastic Fiction Arbeid av Kipling på nettet 450 dikt av Kipling HTML format og indeksert Arbeid av Kipling hos Project Gutenberg Verk av Kipling på Google Books. Verk av Kipling på Archive.org. Bøker som er scanna inn, og blir vist på nettet eller som nedlastbar PDF fil.

Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Nyromantiske forfattarar Kategori:Engelske diktarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Mumbai