Hedalen stavkyrkje står i Hedalen i Sør-Aurdal kommune i Innlandet, og er ei stavkyrkje frå 1160-åra. Kyrkja er no ei krosskyrkje, men var frå starten langkyrkje. Dei lafta krossarmane vart påbygde i 1699, og skipet i mellomalderkyrkja utgjer sidan den vestre krossarmen. På slutten av 1700-talt fekk kyrkja ny altartavla, sett saman av eit krusifiks og eit skåp frå mellomalderen. Altartavla er overmåla og skjuler opphavet. Krusifikset er frå omkring 1250. Madonnaskåpet blir tradisjonelt datert til siste halvdel av 1200-talet.Stein, Mille og Elisabeth Andersen (2008): Krusifikset og madonnaskapet i Hedalen stavkirke. Undersøkelse 2006-2008. NIKU Rapport 25. Norsk institutt for kulturminneforskning.

Kyrkja er soknekyrkje i Hedalen kyrkjesokn i Valdres prosti.

Referansar

Bakgrunnsstoff Jørgen Jensenius: «Hedalen stavkirke» på nettstaden stavkirke.org Om Hedalen kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Oppland» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Sør-Aurdal Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Sør-Aurdal