Jarle Bondevik () var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.

Liv og gjerning Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. Faga var historie og tysk, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Han arbeidde som lektor ved Universitetet i Århus frå 1961 til 1963, og ved lærarskulen i Bergen frå 1963 til 1972. I 1972 vart han tilsett ved Universitetet i Bergen. Ved same institusjonen vart han dr.philos i 1988, og i 1993 vart han professor. Frå 1991 til 1999 var han ogso assisterande professor ved Høgskulen i Volda.

Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang» var namnet på doktorarbeidet hans, som kom i 1985. I 2003 publiserte han «Og ordet vart nynorsk», som viser framvoksteren av nynorsk som bibelmål. Han har òg gjennom mange år forska på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen.

Bondevik var medlem i Språkrådet 1988-1995. Saman med Oddvar Nes og Terje Aarset tok han i 1991 initiativet til Ivar Aasen-selskapet. Gjennom eit tidsrom på nærare 20 år fekk dei publisert ti band med uprenta materiale av Ivar Aasen.

I avisa 'Dag og Tid' av 8. april 2016 skriv Anders Aschim om Bondevik at «[h]an var den fremste kjennaren av det nynorske bibelspråket gjennom tidene».

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jarle Bondevik» frå , den 15. juni 2009. oppgav desse kjeldene:

Om Jarle Bondevik i Allkunne

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske filologar Kategori:Norske professorar Kategori:Folk frå Sogndal Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Norske sakprosaforfattarar