mini|upright|Grimne (Odin) får drikke av Agnar, son av Geirrød.

Agnar er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne Agnarr er truleg sett saman av agi, 'strid, fare' og harjar, 'stridsmann, krigar'. Agnar har namnedag den 21. juni.

Namnet er ein del brukt på Island, der 0,19 % (290 personar) bar namnet i 2004. Det er noko mindre vanleg i Noreg, der det var mest brukt på 1930-talet, av opptil 0,25 %. I 2009 var det 1 039 norske menn som heitte Agnar. Det er uvanleg i Sverige. Namnedagen for Agnar gjekk ut av den svenske almanakken i 2000. Elles i verda er det lite kjend.

I kulturen Agnar er namnet til både broren og sonen til kong Geirrød i eddadiktet Grimnesmål.

Namneberarar Agnar Johannes Barth (1871–1948), norsk forstmann Agnar Skeidsvoll (1900-1963), norsk redaktør Agnar Mykle (1915-1944), norsk forfattar Aksel Agnar Aagaard Nielsen (f. 1928), færøysk skipsbyggjar, reiar og politikar Agnar Sandmo (f. 1938), norsk professor i økonomi Agnar Sigmund Husebråten (f. 1942), norsk politikar og ordførar Agnar Aas (f. 1951), norsk vassdrags- og engeridirektør Agnar Lirhus (f. 1978), norsk forfattar og musikar

Annan bruk Det første ekstremvêret i Noreg som fekk namn, blei kalla Agnar. Dette fann stad i oktober 2005.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Agnar» frå , den 20. juni 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Norrøne førenamn Kategori:Namn knytte til strid