Central Hawke's Bay District er eit distrikt som ligg aust på Nordøya på New Zealand. Det dekkjer eit område på 3 327,92 km² og hadde eit estimert folketal på 13 300 i juni 2008"Subnational Population Estimates: At 30 June 2008" Statistics New Zealand. Det dekkjer området frå Pukehou i nord til Takapau i sør, og strekkjer seg frå fjellrekkja Ruahine Range i vest til Stillehavskysten i aust.

Kommunikasjon Riksvegen State Highway 2 går midt gjennom Central Hawke's Bay sørover til Palmerston North (108 km) og Wairarapa, og nord til Hastings (50 km) og Napier. Det er 70 km til Napier hamn og 75 km til flyplassen Napier Airport. Jarnvegslinja Palmerston North - Gisborne Line går gjennom Central Hawke's Bay med ein jarnvegsstasjon i Waipukurau. Denne linja knyter seg til Wairarapa Line i Woodville, og held fram gjennom Manawatu Gorge til Palmerston North.

Kvart av dei fire hjørna i distriktet har ein marae. Desse ligg i: Pukehou, Kairakau, Porangahau og Takapau.

Busetnader og lokalstyre Det er to større byar i Central Hawke's Bay - Waipukurau og Waipawa - og ei rekkje mindre busetnader som til dømes Elsthorpe, Otane, Takapau, Tikokino og Ongaonga. Der er òg fleire mindre samfunn langs strendene, mellom desse er Kairakau, Pourerere, Aramoana, Blackhead og Porangahau. Administrasjonssenteret ligg i Waipawa, som er den nest største byen i distriktet

Central Hawke's Bay District er delt inn i to wards:

Aramoana / Ruahine Ruataniwha

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Central Hawke's Bay District» frå , den 21. juni 2009.

Bakgrunnsstoff Heimeside til Central Hawke's Bay District Council QuickStats About Central Hawke's Bay District - frå Statistics New Zealand Turistside for Central Hawke's Bay District

Kategori:Hawke's Bay Kategori:Distrikt på New Zealand