Hans W. Brimi () var ein spelemann frå Lom kommune i Gudbrandsdalen, og den førande på spel i den øvre delen av dalen på 1900-talet.

Hans kom frå Garmo, og dreiv gard i Vårdalen i mange år. Han vart tidleg inspirert av Hallvard Ørsal frå Todalen, som han såg opp til heile livet.

Hans Brimi vann Landskappleiken i klasse for vanleg fele 13 gonger. Han reiste mykje på konsertar, både i Noreg og utanlands. Han fekk og spelt i uvanleg mange plater.

Hans Brimi var og ein dugande slåttekomponist, og gjorde mykje arbeid for spelet i Gudbrandsdalen.

Kategori:Norske felespelarar Kategori:Folk frå Lom