Johannes Pedersen Aga () var ein framståande tidleg stortingsmann, forutan gardbrukar, lensmann og forlikskommisær frå Aga i Ullensvang. Aga har namnet sitt frå ein gamal gard i Ullensvang herad i Hordaland som har vore busett sidan steinalderen. Det gamle klyngetunet på Aga har vorte teke vare på, og er i dag eit friluftsmuseum som vert kalla Agatunet.
Aga vart vald til Stortinget i 1818 og 1824, og var med i deputasjonen til kroninga av kong Karl Johan i Stockholm. I 1822 fekk han medaljen for borgardåd. Han var kjend for den vide krinsen han hadde av kjenningar og for eit sterkt, men sindig engasjement. Aga var svært respektert både i politiske kretsar og lokalt. Spesielle hjartesaker var folkeopplysing og betring av landbruksteknikkar.
I 1792 planta Johannes Aga de to fyrste gravensteinsaplane i Hardanger, som seinare vart opphav til fleire tusen nye tre. Trea vart handla inn frå Hamburg og kjøpmann Bøschen i Bergen. Aga si satsing på eple vert rekna som starten på moderne fruktdyrking i området. Aga fekk òg tak i artar heilt frå Frankrike.
"Den sidste af de 2 Gravenstensapler, som far i 1792 plantede inde i Nyegaren, blæste ned i en Storm i November, efter at den også i Høst havde baaret Frugt. Disse 2 Gravenstensapler var de første som kom til Norge, ialfald til Bergens Stift, og blev av Far gjennom en Kjøbmand Bøschen i Bergen anskaffede fra Hamburg. Disse Trær og deres mange tusinde Afkom haver skaffet Bygderne vakre Indtægter." Son til Aga, Johannes Johannesson Aga i 1890.
Aga var far til Johannes Johannesen Aga og Lars Johannesen Aga.
Kjelder
Opplysninga om Frankrike og sitatet er henta frå ein informasjonsplakat på Tingstova på Utne. Artikkelen byggjer på «:no:Johannes_Pedersen_Aga» frå , den 1. juli 2009.'' Artikkel om Aga i Salmonsens Konversationsleksikon Artikkel om bondeætta Aga i Store Norske Leksikon
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Folk frå Ullensvang