Litlos er ei turisthytte som ligg nord for Litlosvatn på Hardangervidda, i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Hytta ligg om lag 1180 moh., og er eigd av Den Norske Turistforening. Litlos er som regel betjent rundt påske, og i sommarsesongen. Resten av året er ho sjølvbetjent.

Litlos er ein gamal støl for gardane Meland og Brattespe på austsida av Sørfjorden i Ullensvang. Det vart bygt DNT-hytte her i 1922. I 1927 vart hytta betjent, og i 1969 vart hytta utvida og påbygt. Noverande styrar er Jarle Viskjer frå Skare i Odda.

Den lettaste måten å koma seg til Litlos på er å køyra frå Røldal inn Valldalen til Middalsbu. Derifrå er det om lag 7 timar å gå til Litlos.

Frå Litlos er det mogleg å gå til både Hellevassbu, Tyssevassbu, Sandhaug, Besso, Hadlaskard og Torehytta.

Kjelder

Store Norske Leksikon om Litlos. DNT om Litlos. Litlos sine internettsider. Vêrvarsel for Litlos på yr.no

Kategori:Turisme i Ullensvang Kategori:Hardangervidda Kategori:Turisthytter i Vestland Kategori:Byggverk i Ullensvang