mini|Døme på stortrommespel. Basstromme eller stortromme er ei stor sylindrisk tofelltromme som ein speler på med klubber med filt- eller skinnhovud. Basstromma blir brukt i ulike orkester og band. Ho er vanleg i janitsjarorkester og er ein viktig del av eit trommesett.
For bandmusikarar er basstromma ein del av eit trommesett, og blir spelt på med ein fotpedal med høgre eller venstre fot. I orkester heng tromma åleine i eit stativ.
Kjelder Stortromme (22. juni 2012), Store norske leksikon. Henta 5. desember 2013. Denne artikkelen bygger på «Basstromme» frå , den 23. juli 2009.
Kategori:Trommer