Sjå òg Karen (fleirtyding)

mini|upright|Minnestein for Karen Jeppe med inskripsjonen «Karen Jeppe, Armeniernes moder». mini|upright|Den danske adelskvinna Karen Marsvin levde på 1600-talet. Måleri av Karel van Mander. Karen er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn i ulike samanhengar. I Norden er det best kjend som eit kvinnenamn danna som ei dansk form av Katarina, med tydinga 'rein'. I armensk tradisjon er det eit mannsnamn danna som ei kortform av Karekin.

Karen har norsk namnedag den 2. august. Nærskylde namn er Kaia, Karin og Katrin.

Bruk

Namnet har lenge vore kjend i Norden. I nyare tid i Noreg var bruken størst i 1880-åra, då over 2,0 % av nyfødde jenter kunne døypast dette. Bruken gjekk nedover framover mot 1960, då han stabiliserte seg på rundt 0,3 %. I 2010 var det 7 273 norske kvinner som heitte Karen.

I Danmark var Karen eit svært populært namn under første halvdelen av 1900-talet. I 2007 heitte 1 % (31 973) av danske kvinner Karen. Det er framleis svært mykje brukt på Grønland, der 2 % (501) av kvinner heitte Karen i 2004.

Frå 1940-talet blei Karen også utbreidd i den engelskspråklege verda, og på 1950- og 1960-talet var det blant dei ti mest brukte jentenamna i USA.

Namnet er kjend frå omgrep som karenmesse og karensdag. Innan norsk litteratur kjenner ein det særleg frå novellene «Karen» av Alexander Kielland og «Karens Jul» av Amalie Skram.

Namneberarar Kvinner mini|Kim Friele, opphavleg Karen-Christine. Karen Mowat (ca. 1630–75), norsk godseigarfrue Karen Brahe (1657-1736), dansk boksamlar Karen Sundt (1841-1924), norsk forfattar Karen Grude Koht (1871–1960), norsk lærar og kvinnesaksforkjempar Karen Blixen (1885-1962), dansk forfattar Karen Platou (1879-1950), norsk politikar og forretningsdrivande Karen Grønn-Hagen (1903-1982), norsk statsråd Karen Aabye (1904-1982), dansk forfattar og journalist Karen Sogn (1931-2013), norsk politikar Karen Randers-Pehrson (f. 1932), norsk skodespelar og sceneinstruktør Karen-Christine «Kim» Friele (f. 1935), norsk forfattar og homorettforkjempar Karen Armstrong (f. 1944), britisk forfattar Karen Fladset (f. 1944), norsk handballspelar og -trenar Karen Margrethe Kuvaas (f. 1947), norsk lokalpolitikar og ordførar Karen Carpenter (1950-1983), USA-amerikansk musikar (The Carpenters) Karen Klim (f. 1951), norsk glasskunstnar Karen-Marie Ellefsen (f. 1950), norsk sportsjournalist Karen Jo Fields (f. 1973), norskamerikansk artist

Menn mini|upright|Sjakkspelaren Karen Asrian. Karen Khatsjaturian (f. 1920), armensk-russisk komponist Karen Demirtsjyan (1932-1999), armensk politikar Karen Sjakhnazarov (f. 1952), russisk filmskapar Karen Asrian (1980-2008), armensk sjakkspelar

Kjelder

behindthename.com - Karen

Denne artikkelen bygger på «Karen» frå , den 30. juli 2009. Engelsk Wikipedia oppgav kjedlen Delar av denne artikkelen bygger på «Karen (navn)» frå , den 23. april 2010.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Tvikjønna namn Kategori:Danske namn Kategori:Armenske namn