Øyvor Bakke () er ein norsk programleiar og journalist frå bygda Herand i Jondal.

Bakke voks opp på garden Bakko med 4 eldre sysken. Etter endt vidaregåande skule tok ho journalistutdanning ved Høgskulen i Volda. I 1999 tok ho til å jobba ved NRK Hordaland; der jobba ho ei tid med sportsnyhende, t.d. med å dekkja SK Brann sine heimekampar.

Bakke er kjend for mange som programleiar i Førkveld og Norge i dag, men ho har òg jobba i programma Tid for reise og Tid for mat på TV2.

Ho er i dag busett i Bergen.

Kjelder

Øyvor Bakke på NRK Hordaland. Intervju med Bakke i The Bergen Post.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Folk frå Jondal