Tord er eit mannsnamn avleidde av Tor, som kjem frå det norrøne gudenamnet Þórr (Tor), med opphav i ordet þunrar, 'torden'.

Tord har norsk og svensk namnedag den 10. september. Tordis er eit nærskyld kvinnenamn.

Bruk Tord har vore i bruk i Noreg sidan mellomalderen. I nyare tid tok bruken seg litt opp frå byrjinga av 1900-talet mot ein topp på over 0,19 % på 1990-talet. I 2009 var det 1475 norske menn som heitte Tord, og 55 som heitte Thord.

Tord var mykje brukt i Sverige på 1940- og 1950-talet.

Namneberarar Tord Petersson Bonde (1300-talet), svensk riksråd Tord Röriksson Bonde (d. 1417), svensk riddar og riksråd Tord Karlsson Bonde (d. 1456), svensk riddar og riksråd Tord Tamerlan Teodor Thorell (1830–1901), svensk arkeolog Tord Wilhelm Edvard Stål (1906–1972), svensk skodespelar Tord Georg Bernheim (1914–1992), svensk skodespelar Tord Grip (f. 1938), svensk fotballspelar og trenar Tord Boontje (f. 1968), nederlandsk formgjevar Tord Gustavsen (f. 1970), norsk jazzmusikar Tord André Lien (f. 1975), norsk politikar (FrP) Tord Asle Gjerdalen (f. 1983), norsk langrennar Tord Hovden (f. 1996), norsk fotballspelar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tord» frå , den 9. september 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til gudar Kategori:Namn knytte til åsatru