James Marshall «Jimi» Hendrix ()Cross 2005, s. 8. var ein amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar. Etter fyrst å ha slått gjennom i Europa, vart han kjend i USA i 1967, etter å ha opptredd på Monterey Pop Festival. Seinare stod han i spissen under Woodstockfestivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970. Hendrix brukte ofte rå og forvridd forsterking, der både gitarforsterkinga og diskanten var høg, og han bidrog til utviklinga av den tidlegare uønskte akustiske tilbakekoplinga frå gitaren.Shadwick 2003, s. 92. Han var ein av musikarane som populariserte bruken av wah-wah-pedalen i vanleg rock, og han brukte han ofte for å gje soloane sine ei overdriven tonehøgd, spesielt med høge sløyfer og bruk av legato rundt ein pentatonisk skala. Han henta inspirasjon frå bluesartistar som B.B. King, Muddy Waters, Howlin’ Wolf, Albert King og Elmore JamesJimi Hendrix and the Making of Are You Experienced av Sean Egan (Chicago Review Press, 2002), intervju med Lonnie Youngblood.Shadwick 2003, s. 39.CD-en Blues frå MCA, notat på omslaget av Jeff Hannusch, s. 2.DVD-en A Film About Jimi Hendrix (luksusutgåva) – ekstramateriale: «From The Ukelele to the Strat, Faye Pridgeon Interview» (Warner Bros.) og rhythm and blues- og soulgitaristar som Curtis Mayfield og Steve Cropper, så vel som av moderne jazz.Willix 1995, s. 28, 38 og 73. I 1966 sa Hendrix, som spela i og var med på opptak med bandet til Little Richard frå 1964 til 1965, at «eg vil gjere med gitaren min det Little Richard gjer med stemma si.»«I want to do with my guitar what Little Richard does with his voice.» – The Life and Times of Little Richard: The Authorized Biography av Charles A. White (Omnibus Press, 2003), s. 125–128, 131–132, 163, 228
Carlos Santana har meint at musikken til Hendrix kan ha vore inspirert av arven frå den delvis indianske bakgrunnen hans.«Carlos Santana on Jimi Hendrix » av Carlos Santana (UniVibes, 1995) Som plateprodusent gjorde Hendrix også banebrytande arbeid ved å bruke platestudioet som eit tillegg til dei musikalske ideane sine. Han var ein av dei fyrste som eksperimenterte med effektar for stereofoni og faseforskyving (phasing) i rockeopptak.
Hendrix vann mange av dei mest prestisjefylte rockemusikkprisane medan han levde, og endå fleire etter at han var død. Mellom anna vart han teken opp i Rock and Roll Hall of Fame i 1992 og UK Music Hall of Fame i 2005. Ein blå plakett frå English Heritage i namnet hans vart sett opp ved den tidlegare bustaden hans i Brook Street i London i september 1997. Ei stjerne på Hollywood Walk of Fame (ved 6627 Hollywood Blvd.) vart dedikert til han i 1994. I 2006 vart debutalbumet hans i USA, Are You Experienced, innlemma i National Recording Registry, og bladet Rolling Stone sette Hendrix på fyrsteplass på lista over dei hundre største gitaristane gjennom tidene i 2003.«The 100 Greatest Guitarists of All Time » hjå Rolling Stone (27.08.2003) Han var også den fyrste personen som vart teken opp i Native American Music Hall of Fame.
Nokre musikarar og kommentatorar reknar han som den største elektriske gitaristen i rockemusikkhistoria ,«Hendrix Voted World's Best Guitarist hjå Sky News (07.08.2002).Artists, Writers, and Musicians: An Encyclopedia of People Who Changed the World» av Michel-André Bossy, Thomas Brothers og John C. McEnroe (Greenwood Publishing Group, 2001) s. 85.«Hendrix hits top note again as best guitarist in history» hjå The Independent (28.08.2003). og som ein av dei viktigaste og mest innflytnadsrike musikarane i si tid, på tvers av ei rekkje sjangrar.The Praeger handbook of education and psychology» av Joe L. Kincheloe og Raymond A. Horn (Greenwood Publishing Group, 2008), s. 849.«Jimi Hendrix» i Encyclopedia Britannica.«Jimi Hendrix's Influence on Jazz» på Allaboutjazz.com (05.09.2008).
Oppvekst Tidleg liv Hendrix vart fødd 27. november 1942, i Seattle i Washington i USA, medan faren var stasjonert på ein militærbase i Oklahoma. Han fekk namnet Johnny Allen Hendrix då han var fødd, av mora, 17 år gamle Lucille Hendrix (med jentenamn Jeter).Black Gold: The Lost Archives of Jimi Hendrix av Steven Roby (Billboard Books, 2002). Ho hadde mellombels fått vener i California til å ta seg av han (under ein ferie). Då faren, James Allen «Al» Hendrix (1919–2002), var ferdig i militæret, henta han Jimi og endra namnet hans til James Marshall Hendrix, til minne om den avdøde bror hans, Leon Marshall Hendrix.J.A. Hendrix 1999, s. ?.«Vital Event Index» hjå BC Archives. Han var elles kjend som «Buster» for vener og familie, heilt frå fødselen av.J.A. Hendrix 1999, s. 50. Kort tid etter, vart Al saman med Lucille att. Det var vanskeleg for han å finne fast arbeid etter den andre verdskrigen, og familien sleit økonomisk. Hendrix hadde to brør, Leon og Joseph, og to systrer, Kathy og Pamela. Joseph hadde eit handikapp, og då han var tre år, vart han lagt under statleg omsorg. Dei to systrene hans vart begge tekne hand om av andre frå relativt tidleg alder, fyrst i barneheim og deretter gjennom adopsjon. Kathy var fødd blind og Pamela hadde eit mindre handikapp.
Foreldra til Hendrix vart skilde då han var ni år gammal. Mora, som hadde skrumplever, døydde i 1958, då levertilstanden gjorde til at milten hennar sprakk.Shapiro og Glebbeek 1995, s. ?. Grunna den ustabile tilstanden i heimen, vart han i periodar send til bestemor si i Vancouver i Canada, og bror hans, Leon, vart mellombels sett på barneheim.Cross 2005, s. 33–41. Hendrix voks opp som ein sjenert og kjenslevar gut, djupt påverka av fattigdommen og forsøminga han hadde opplevd hjå foreldra. I high school-tida til Hendrix opplevde han eit stort etnisk mangfald, med både afrikanske, europeiske (også jødar) og asiatiske (japanske, filippinske og kinesiske) amerikanarar, noko som elles var ei relativt uvanleg oppleving for afro-amerikanarar på den tida.Willix 1995, s. 167. Då han var 15 år, rundt tida då mor hans døydde, fekk han den fyrste akustiske gitaren sin, som han kjøpte for 5 amerikanske dollar av ein kjenning av faren. Denne gitaren erstatta både sopelimen han hadde leika at han klimpra på og ukulelen som faren hadde funne då han rydda ein garasje.The Jimi Hendrix Experience av Jerry Hopkins (1983), s. 36–37.J.A. Hendrix 1999, s. 113.Shapiro og Glebbeek 1995, s. 28–29. Hendrix lærte å spele gitar ved at han spela nesten heile tida, såg på andre som spela, fekk tips frå meir erfarne folk, og ved å høyre på plater. Sommaren 1959 fekk han den fyrste elektriske gitaren sin av faren, ein Supro Ozark 1560 S, men han hadde ingen forsterkar. Ifølgje bandkameratar i Seattle, lærte han dei fleste av dei akrobatiske scenerørslene sine og ein stor del av blues- og rhythm and blues-tradisjonen av ein annan ung musikar, Raleigh «Butch» Snipes, som var gitarist i det lokale bandet The Sharps. Hendrix brukte elles varemerket til Chuck Berry, «Duck Walk», ein gong.Willix 1995, s. 57, 63, 95 og 137. Hendrix spela i eit par lokale band som av og til hadde spelejobbar utanfor sentrale strok i delstaten Washington og minst éin gong over grensa frå Vancouver i Canada.J.A. Hendrix 1999, s. 122.
Hendrix likte svært godt Elvis Presley, som han var på konsert med i Seattle in 1957.«Voodoo Child: Jimi Hendrix and the Politics of Race in the Sixties» av Philip Deloria i Imagine Nation: The American Counterculture of the 1960s and '70s (New York: Routledge, 2002). Leon Hendrix hevda, i eit tidleg intervju, at Little Richard dukka opp i nabolaget i Seattle og tok bror hans, Jimi, i handa. Det finst ingen andre kjelder til dette, og far deira nektar plent for at dette skal ha skjedd.J.A. Hendrix 1999, s. ?. Hendrix vart tideleg eksponert for bluesmusikken, gjennom plater av Muddy Waters og B.B. King som faren åtte.J.A. Hendrix 1999, s. 126. Eit anna tidleg inntrykk fekk han frå westernfilmen Johnny Guitar frå 1954, der helten ikkje ber pistol, men i staden har ein gitar på ryggen.
Den fyrste spelejobben til Hendrix var med eit namnlaust band i kjellaren på ein synagoge, eller nærare bestemt Temple De Hirsch i Seattle. Etter å ha spela for vilt og tøffa seg for mykje, fekk han sparken. Det fyrste «skikkelege» bandet han spela i, var The Velvetones, som regelbunde spela gratis på Yesler Terrace Neighborhood House. Det at han likte å vise seg fram, og at han spela med venstre handa på ein høgrehendtgitar, gjorde allereie då til at han stakk seg ut. Seinare vart han med i The Rocking Kings, som spela profesjonelt på scener som Birdland. Då gitaren hans vart stolen – etter at han hadde sett han att bak scena ei natt – kjøpte faren ein kvit Silvertone Danelectro til han. Hendrix måla han raud og fekk trykt på namnet «Betty Jean» – kjærasten hans på high school.
Hendrix fullførte junior high på Washington Junior High School utan problem, men vart ikkje uteksaminert frå Garfield High School. Seinare fekk han eit æresvitnemål frå skulen, og på 1990-talet vart det sett opp ei byste av han på skulebiblioteket. Etter at han hadde vorte populær seint på 1960-talet, fortalde Hendrix til journalistane at han hadde vorte utvist frå Garfield av ei rasistisk skuleleiing fordi han heldt ein kvit kjærast i handa i ein fritime. Rektoren på skulen, Frank Hanawalt, har derimot sagt at det berre skuldast dårlege karakterar og dårleg oppmøte.Cross 2005, s. 73–74.
I militæret Hendrix kom på kant med lova to gonger for å ha køyrt med stolne bilar. Han fekk valet mellom å verte sett i fengsel i to år, eller å gå inn i Hæren. Hendrix valde det siste og verva seg 31. mai 1961. Etter å ha fullført treningsleiren, vart han sett inn i «101st Airborne Division» og stasjonert ved Fort Campbell i Kentucky. Befala og medsoldatane hans syntest han var ein lat soldat – han sov når han var på vakt, hadde liten tanke for reglar, kravde konstant overvaking og viste inga form for talent i felten. Av desse grunnane sende befala ein førespurnad om Hendrix kunne få sleppe med berre eitt år. Hendrix protesterte ikkje då denne moglegheita baud seg.«Jimi's Private Parts» hjå The Smoking Gun. Han fortalde seinare jounalistane at han vart dimittert av medisinske årsaker, fordi han hadde brekt okla under det 26. fallskjermhoppet sitt. I biografien Room Full of Mirrors av Charles Cross frå 2005 vert det hevda at Hendrix spela homofil – at han hadde hevda å vere forelska i ein medsoldat – for å verte dimittert, men det finst ikkje noko prov som støttar denne teorien.
På fritidssenteret i militæret hadde Hendrix møtt medsoldat og bassist Billy Cox og innleidd ein lojal venskap som han nytte godt av i det siste leveåret sitt. Dei to spela ofte med andre musikarar, både i og utanfor militæret, som eit laust organisert band med namnet «Johnny Jones and the King Casuals».«Billy Cox. Biography» av Greg Prato hjå Allmusicguide.com.
Som kjendis i Storbritannia nemnde Hendrix berre militærtenesta si i tre publiserte intervju. Fyrste gongen var i 1967 for filmen See My Music Talking (som mykje seinare vart utgjeven under namnet Experience), som var meint for fjernsyn og promotering av den nyleg utgjevne LP-en Axis: Bold as Love. Der fortalde han kort om den fyrste gongen han hoppa i fallskjerm: «… når du kjem ut dit, er alt heilt stilt, alt ein høyrer er bris-s-s-s …»«…once you get out there everything is so quiet, all you hear is the breezes-s-s-s…» Denne kommentaren har seinare vorte brukt for å hevde at denne opplevinga var ei av kjeldene til den «romaktige» gitarspelinga hans. Andre og tredje gongen han nemnde opplevingane sine i militæret, var i intervju med Melody Maker i 1967 og 1969, då han snakka om kor mykje han mislikte Hæren.Black Gold av Steven Roby (Billboard Books, 2002), s. 15. I intervju i USA nemnde han dette nesten aldri, og når Dick Cavett tok det opp i eit intervju på fjernsyn, stadfesta Hendrix berre at han hadde vore stasjonert ved Fort Campbell.Jimi Hendrix. The Dick Cavett Show, DVD-klipp (Universal Island).
Karriere Dei fyrste spelejobbane