Internettbokmerke er lagra adresser til nettstader. Slike «bokmerke» blir ofte lagra på ein disk av ein nettlesar slik at ein lett kan finne att ei nettside. Bokmerke blir ofte sorterte i mapper, og kan ofte også merkast (taggast) etter tema. I tillegg til lokal bokmerkebehandling i nettlesaren finst det også andre applikasjonar og tenester som gjev bokmerkefunksjonalitet.
Nettlesarar har kunna lagra bokmerke sidan ViolaWWW frå 1992, og Mosaic frå 1993."New X-based information systems browser available.", post til comp.infosystems av Marc Andreessen den 16. februar 1993 Bokmerkelister blei kalla Hotlists i Mosaic"May World-Wide Web News" i 1993 av Tim Berners-Lee og i tidlege versjonar av Opera.
I 1996 blei dei første felles bokmerkeprosjekta utvikla, men «sosial» bokmerking ved nettstader som Digg og Del.icio.us blei først utbreidd rundt 2005. I 2004 innførte Mozilla Firefox dynamiske bokmerke som kunne oppdaterast av vevstraumar som RSS eller Atom. Mozilla fjerna denne funksjonen i 2018.
Bokmerke har også vore kjende som «Hotlists» og «Favorittar».
Kjelder
Kategori:Internett