«Long Promised Road» er ein song skriven av Carl Wilson og Jack Rieley for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart først gjeven ut som singel i mai 1971 og gjekk ikkje inn på listene. Same året kom han òg ut på albumet Surf's Up og vart gjeve ut på nytt som singel med ei anna B-side, «'Til I Die» i oktober same år. Denne gongen gjekk singelen inn på 89. plass i USA. Bortsett frå nokre gitarsoloar skriven dei første åra bandet eksisterte, er denne songen den første Carl Wilson skreiv. Wilson har òg solovokal på songen.
Medverkande Carl Wilson - solovokal, korvokal. Marilyn Wilson-Rutherford – korvokal Diane Rovell – korvokal Ukjende musikarar - korvokal, forskjellige instrument
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Long Promised Road» frå , den 14. september 2009.
Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar frå 1971 Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Carl Wilson