Guru Ardjan Dev dji (15. april 1563—30. mai 1606) var den femte av dei ti sikh-guruane og vart guru den 1. september 1581 som etterfølgjaren åt guru Ram Das dji. Føre guru Ardjan Dev dji døydde utpeikte han sonen sin, guru Hargobind dji, som den neste guruen for sikhane. Det følgjande er ei oppsummering av høgdepunkta i livsverket hans:

Over 2000 hymnar i sikhanes heilage bok Guru Granth Sahib Forfattar av banien «Sukhmani Sáhib» – ei bøn for fred. Samla og innsette sikhanes heilage skrift, som på denne tida gjekk under namnet Adi Granth. Bygde Harmandir Sáhib — kjent som «Det gylne tempelet». Utvikla Amritsar til eit viktig andeleg senter. Vidareutvikla strukturen i sikh-samfunnet gjennom innføringa av Masund-systemet. Den første sikh-guruen som døydde som martyr.

Hymne av guru Ardjan Dev frå «Sukhmani Sahib» (Guru Granth Sáhib, s. 262–):

I hug, hug, hug av Gud får de fred og uro og angst kverv frå dykk. I hug av Gud vert de fri frå livmoraI hug av Gud vert de fri frå dauden sin otte. I hug av Gud vert dauden vekkI hug av Gud vert uvener stogga. Gudshug lagar ikkje hindringarI hug av Gud vert de kvikke alle døgn. I hug av Gud har ’kje redsle maktI hug av Gud kan ’kje sorga bry dykk. I hug av Gud, i å vera med helgenarer alt som er kjært, å Nanak, med Guds nåde. ||2||

Bakgrunnsstoff

AllAboutSikhs.com Sikhs.org Sikh-History.com

Audio

Sukhmani Sahib Mp3,Real Audio, Real Audio download

Ardjan Dev, Guru Ardjan Dev, Guru