Endre er eit mannsnamn som kan ha norrønt og gresk opphav. Det kan òg brukast som slektsnamn.
I norsk samanheng er det gjerne ei kortform av norrønt E(i)ndride, medan det i ungarsk er ei form av det opphavleg greske namnet Andreas.
Endre har norsk namnedag den 26. september og fleire i Ungarn, der den viktigaste er 17. juli.
Namneberarar mini|Endre Lund Eriksen Endre Johannes Cleven (1874–1916), norsk-kanadisk kulturleiar Endre Ady (1877–1919), ungarsk diktar Endre Røsjø, norsk investor og P4-gründer Endre Szemerédi (f. 1941), ungarsk matematikar Endre Otto Brunstad (f. 1967), norsk språkforskar og målmann Endre Lund Eriksen (f. 1977), norsk forfattar Endre Ruset (f. 1981), norsk forfattar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Endre» frå , den 25. september 2009.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Ungarske personnamn