Riple er ein gard i Fana i Bergen kommune. Garden ligg aust for Totlandsgardane ved enden av Totlandsvegen
Namn Namnet kjem truleg av det norrøne ripill som tyder «strimmel» eller «band» etter plasseringa på ei langstrekt høgd.
Historie Garden låg i mellomalderen til Munkeliv kloster og vart etter reformasjonen krongods. I 1661 vart garden kjøpt av generaltollforvaltar Herman Garmann. I 1690 tok bøndene på garden sjølv over eigarskapen.
Her er framleis gardsdrift.
Geografi Garden er langstrekt og strekkjer seg frå Ystafjellet (329 moh) i sør og nordover til toppen av Ulvursfjellet (677 moh). I vest ligg Totlandsfjellet (546 moh)
Garden grensar til Øvre og Nedre Totland i vest, Hedno i sørvest, Gimmeland i sør, Frotveit i aust og Bontveit i nordaust.
Kjelder
Bergenskart - stednavnskart
Kategori:Gardar i Fana