«The Lonesome Death of Hattie Carroll» er ein høvessong av Bob Dylan. Songen vart spelt inn 23. oktober 1963 og gjeven ut på albumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Songen fortel om ei faktisk hending der den 51 år gamle barjenta Hattie Carroll vart myrda av den rike unge tobakksbonden William Devereux «Billy» Zantzinger frå Charles County i Maryland (som i songen vert kalla «William Zanzinger»). Han vart dømd til berre seks månader i fengsel, men songen til Dylan gjorde at hendinga forfølgde Zantzinger så lenge han levde.
Teksten er ein kommentar til rasismen i 1960-åra, som ikkje verdsette livet til ei svart kvinne særleg høgt. På denne tida var Charles County strengt segregert.A Regular Old Southern Maryland Boy, by Peter Carlson The Washington Post, 4. august 1991. Songen sidestiller rikdommen til Zantzinger og den korte dommen hans. Track 5.
Trass i at det var ein høvessong, har Dylan halde fram å spele songen på konsertane sine, i alle fall heilt fram til mai 2009.Bob Dylan Glasgow concert (2. mai 2009), boblinks.com; henta 4. november 2018. Konsertopptak av sogen finst på albuma The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue (2002; innspelt 21. november 1975), The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall (2004; innspelt 31. oktober 1964) og Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018; innspelt 26. oktober 1963). Dylan har fått kritikk for å ha spelt songen på konsertar fram til Zantzinger døydde i 2009. Sjølv om songen i seg sjølv vert rekna som eit meisterverk, meiner til dømes Dylan-biografen Clinton Heylin, at han er på randen til injurierande.Heylin, Clinton. Bob Dylan: Behind the Shades Take Two. New York: Viking, 2000.delvis tilgjengeleg online s.124-125
Andre utgåver Billy Bragg nytta melodien til Dylan for sin eigen «The Lonesome Death of Rachel Corrie» i 2006, til minne om aktivisten Corrie som vart drepen på Gazastripa av ein israelsk bulldosar i 2003. Rx Bandits spelte songen på samleplata Listen To Bob Dylan - A Tribute. Michael Rose, frå Black Uhuru, spelte songen på Is It Rolling Bob?. Christy Moore spelte songen på albumet 2006 Live in Dublin og Burning Times.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Lonesome Death of Hattie Carroll» frå , den 18. oktober 2009. oppgav desse kjeldene: Frazier, Ian, "Legacy of a Lonely Death". Mother Jones, november/desember 2004, 42-47; delvis utgåve online. The Guardian 25. februar 2005, som «Life after a lonesome death» «Farmer Convicted in Barmaid's Death», New York Times 28. juni 1963. s. 11 «Farmer Sentenced in Barmaid's Death», New York Times 29. august 1963. s. 15
Bakgrunnsstoff Songteksten og analyse Teksten på heimesida til Dylan
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Protestsongar Kategori:Songar baserte på faktiske hendingar Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Songar til minne om avdøde personar Kategori:Songar om rasisme eller framandhat Kategori:Songar om kjendisar Kategori:Mordballadar