Galenstock er eit 3 586 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet er det fjerde høgste i Uri-Alpane. Grensa mellom kantonane Uri og Valais går over fjelltoppen.

Geografi Galenstock ligg i den sørlege delen av Uri-Alpane, nord for Furkapasset. Fjellet ligg omgjeve av Rhonebreen (i vest), Sidelengletscher (i søraust) og Tiefengletscher (i nordvest). I nord ligg fjellrekka Tiefenstock, Rhonestock og Dammastock.

Fyrsteklatring Galenstock vart klive fyrste gongen den 18. august 1845 av Eduard Desor, Daniel Dollfuss (far), Daniel Dollfuss (son), leia av dei lokale fjellførarane H. Währen, M. Bannholzer, P. Brigger og H. Jaun.

Ruter Lettaste ruta går frå Hotel Belvédère over Rhonegletscher og så vestsida av Galensattel (3 113 moh). Derifrå går turen vidare over snøbre, seinare årsgammal is, til topps.

Normalruta frå vest går forbi Albert-Heim Hütte (2 543 moh), over Tiefengletscher opp på nordegga og vidare lett klatring til fjelltoppen.

Begge rutene kan gjennomførast som skiturar om vinteren.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Galenstock» frå , den 24. oktober 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Uri