Barakaldo er ein industriby i Baskarland i Spania. Han ligg i provinsen Bizkaia på venstrebreidda av Bilbao-estuaret. Barakaldo er ein del av storbyområdet til Bilbao og har opp under 100 000 innbyggjarar.

Historie mini|venstre|Djevelbrua over elva Kadagua mellom Barakaldo og Bilbao. mini|venstre|Nye kjøpesenter på begge sider av motorvegen A-8. Ein kan sjå BEC i bakgrunnen.

Mot slutten av 1800-talet flytta menge arbeidarar til byen for å arbeide på jernverka og dynamittfabrikken, samstundes som Bilbao voks.

I nyare tid var Barakaldo seinare endepunkt for ein gruvejernbane og gruvedrift etter jern var ei stor næring i regionen på delar av 1800-talet og 1900-talet. Stålindustrien, ført an av Altos Hornos de Vizcaya, var særs viktig på 1900-talet, fram til den industrielle nedgangstida råka regionen hardt økonomisk i 1980-åra.

Barakaldo har lukka den siste fabrikken sin og ser seg no om etter måtar å kome ut av nedgangstida på. Tidlegare industriområde vert ombygd til bustadområde, parkar og kjøpesenter. Eit stort ustillingssenter (BEC, Bilbao Exhibition Centre) vart nyleg bygd i utkanten av byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 30. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Baskarland Kategori:Busetnader grunnlagde på 1000-talet Kategori:Skipingar i 1051