Helge Reiss ()«Helge Reiss er død » på Dagbladet.no (12.11.2009). var ein norsk skodespelar. Etter å ha teke examen artium i 1946, byrja han på Nationaltheatrets elevskole, og frå 1949 var han fast tilsett ved Det Nye Teater (frå 1959 Oslo Nye Teater), der han var ein ankermann i ensemblet gjennom femti år, fram til han vart pensjonist i 1998. Der viste han talent innanfor humoristiske, så vel som poetiske roller.Norsk biografisk leksikon.

Helge Reiss arbeidde også mykje med radio. Då han var gutunge var han med i programma til faren, og seinare var han opplesar og skodespelar i Radioteatret. Han vart også mykje brukt som opplesar i barneprogram på fjernsyn og som stemme for ulike teiknefilmfigurar. Dei mest kjende fjernsynsrollene hans var elles «Professor Drøvel» i Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet og den tuslete ektemannen i komiserien Nr. 13.

Reiss hadde også ei rekkje filmroller, mellom anna som politibetjenten i Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe … (1970), baronen i Olsenbanden for full musikk (1976) og obersten i Mors Elling (2003). Mellom dei meir seriøse filmrollene hans må seiast å vere professor Hieronimus i Formynderne (1978), som var basert på to bøker av Amalie Skram.

Han var yrkesaktiv heilt fram til våren 2009, då han var den norske stemma til hovudpersonen «Carl Fredricksen» i Disney/Pixar-filmen Up. Mellom dei siste skodespelarrollene til Reiss var bohemen «Gregorius Bang» i Hotel Cæsar frå april til august 2009. Han sovna stilt inn onsdag 11. november 2009.

Helge Reiss var son av skodespelaren Thorleif Reiss og far til Georg Michael Reiss og Esther Reiss.

Filmografi ÅrTittelRolle1948Den hemmelighetsfulle leiligheten Kelner (ukreditert)19595 loddrettSeljar1961Hans Nielsen HaugeOverrettsprokurator Lumholtz1970Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe …Politibetjent Jeremias Pedersen Grodahl1971Gråt, elskede mann1974Den siste FleksnesFlypassasjer1975Flåklypa Grand PrixRudolf Blodstrupmoen (stemme)1976Bør Børson IIO.G. HansenOlsenbanden for full musikkBaronen1977Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporetMann i grått1978FormynderneProfessor Hieronimus1980La elva leve!Industrirepresentant1982For Tors skyldFar til Laila1985Deilig er fjorden!Svoger1987På stigende kursDisponent1992Det perfekte mord1998Solan, Ludvig og Gurin med reverompaRudolf Blodstrupmoen (stemme)2000De 7 dødssyndeneHovmod2003Mors EllingBugge-Høvik2004Gråtass – Hemmeligheten på gårdenAdvokat Antonsen

Fjernsynsroller Denne lista er truleg ikkje komplett. ÅrTittelRolle1972Fleksnes fataliteter – VinterferieMann på flyet1974Fleksnes fataliteter – Biovita HelsesenterVaktmann på helsesenteret1979Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighetProfessor Drøvel1998Nr. 13Herr Skau2005TjuefjerdeFaren Per2009Hotel CæsarGregorius Bang

Kjelder «Reiss, Helge» av Svein Erik Brodal i Norsk biografisk leksikon; bind 7, Njøs–Samuelsen (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2003) (www). .

Referansar

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo