Endre Ruset () er ein norsk forfattar busett i Bergen. Han debuterte som diktar i 2001. Tematikken i poesien, som er sparsam på rim og teiknsetjing, dreier seg gjerne kring barndom, mellommenneskelege forhold og erotikk.

Ruset er utdanna ved Molde videregående skole, Buskerud Folkehøgskole, Skrivekunst-akademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen.

Han har som sin far, forfattaren Arne Ruset, vore involvert i Bjørnsonfestivalen sidan byrjinga i 1992. I 2005 vart han tildelt Bjørnsonstipendet.

Bøker Signaler 01 (Cappelens årlige litterære revy) – diktbidrag (Cappelen 2001) ribbeinas vingespenn – dikt (Gyldendal 2001) kims lek – dikt (Gyldendal 2005)

Bakgrunnsstoff Dagbladet.no, bokmelding om ribbeinas vingespenn aftenposten.no, bokmelding om kims lek

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Vinnarar av Bjørnsonstipendet Kategori:Folk frå Molde