Ørneberget haldeplass ligg like oppom Mjølfjell Ungdomsherberge på Mjølfjell i Voss kommune i Vestland og er ein haldeplass på Bergensbanen. Han vart opna i 1958. Det er ikkje noko stasjonsbygning på haldeplassen, berre ei plattform.

Ørneberget haldeplass ligg mellom Vieren haldeplass og Ljosanbotn haldeplass, 347,5 km frå Oslo.

Det er lokaltoga i Raundalen som stoppar ved Ørneberget.

Bakgrunnsstoff «Ørneberget» på nettstaden til Jernbaneverket «Ørneberget» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb

Kategori:Jarnbanestasjonar i Voss Kategori:Stasjonar på Bergensbanen Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1958