Nikolaj Petrovitsj Bogdanov-Belskij () var ein russisk målar.
Liv og gjerning Bogdanov-Belskij vart fødd i landsbyen Sjitikij i Smolensk-guvernementet i 1868. Han studerte kunst på ein kunstskule driven av Semjon Rasjinskij, lærte ikonmåling på klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i 1883 og moderne målarkunst på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur frå 1884 til -89. Åra 1894-95 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi. Seint på 1890-talet studerte og arbeidde han i eit privat-atelier i Paris.
Bogdanov-Belskij slo seg ned i St. Petersburg og arbeidde der i mange år. Men etter 1921 arbeidde han einast i Riga i Latvia. Han var medlem av fleire leiande kunstgrupperingar, der i mellom i Peredvizjnikij-rørsla frå 1895, og Arkhip Kuindzji-selskapet frå 1909. Det sistnemnde var han ein av grunnleggjarane av, og formann for frå 1913 til 1918.
Bogdanov-Belskij måla for det meste sjangermåleri, mange med undervisning av bondeborn som hovudmotiv. Dessutan måla han portrett, og impresjonistiske landskapsstudiar. Han var lærar ved kunstakademiet frå 1903. Frå 1914 var han ein aktiv medlem av St. Petersburgs kunstakademi.
Realistisk kunst blei aktivt mislikt i Sovjetunionen, og Bogdanov-Belskij blei nøydd til å flytta til Riga i 1921. Etter den sovjetiske okkupasjonen av Baltikum i 1939 flytta han vidare til Berlin. 19. februar 1945 omkom han der som følgje av den allierte bombinga av byen. Han blei gravlagd ved Berlin-Tegel russisk-ortodokse gravlund.
Utvalde verk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nikolay Bogdanov-Belsky» frå , den 10. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori: Russiske målarar Kategori: Målarar frå 1800-talet Kategori: Målarar frå 1900-talet Kategori:Realistiske kunstmålarar Kategori:Impresjonistiske målarar Kategori:Peredvizjniki