Witenwasserenstock er eit 3 082 meter høgt fjell i Sankt Gotthard-massivet i Dei lepontinske Alpane i Sveits. Fjellet har namn etter dalen Witenwasseren som ligg nordaust for toppen, i kantonen Graubünden. På vestsida ligg dalen Geretal i kantonen Uri.
Fjellet dannar vasskilje mellom tre av dei største nedslagfelta i Europa, høvesvis Nordsjøen, Middelhavet og Adriahavet. Witenwasserenstock ligg mellom Furkapasset, Nufenenpasset og St. Gotthard-passet.
Nedbøren som fell på nordsida av Witenwasserenstock renn via elvane Reuss og Rhinen mot Nordsjøen. Nedbøren som fell på vestsida hamnar via Rhône i Middelhavet. På austsida av Witenwasserenstock renn vatnet via Ticino-elva, innsjøen Lago Maggiore og elva Po til Adriahavet. Nedbøren som renn mot Nordsjøen renn lengst, 670 km, nedbøren som renn ut i Adriahavet reiser kortast, 360 km.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Witenwasserenstock» frå , den 14. desember 2009.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Fjell i Uri