Kylie Ann Minogue (), ofte berre kjend som Kylie, er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Etter å ha vore barneskodespelar på australsk fjernsyn livnærte ho seg som skodespelar i den australske såpeoperaen Neighbours, før ho byrja ein karriere som musikar i 1987.

Minogue har selt over 70 millionar album på verdsbasis. Ho har motteke høgvørde prisar, mellom anna fleire ARIA- og Brit-prisar, og ein Grammy-pris. Ho vart utnemnd til offiser av Order of the British Empire av dronning Elizabeth II i 2008 og Ordre des Arts et des Lettres av den franske regjeringa same året for det langvarige arbeidet sitt med musikk.

Den første singelen hennar, «The Loco-Motion», var sju veker på førsteplassen på den australske hitlista, og var den høgaste seljande singelen i Australia det tiåret. Dette byrja eit samarbeid med dei britiske produsentane og låtsrivarane Stock, Aitken og Waterman. Debutalbumet hennar, Kylie (1988), og singelen «I Should Be So Lucky» vart begge godt motteke på dei internasjonale hitlisten, særleg i Storbritannia og Australia. Minogue freista å formidle ein meir moden stil i musikken sin. Singlane hennar vart godt mottekne, men etter fire album var salet synkende, og ho forlét Stock, Aitken og Waterman i 1992 å etablere seg som ein sjølvstendig utøvar. Den neste singelen hennar, «Confide in Me», nådde førsteplassen i Australia og var ein hit i fleire europeiske land i 1994, etterfølgt av duetten med Nick Cave, «Where the Wild Roses Grow». Med inspirasjon frå ei rekkje musikalske stilar, tok Minogue kreativ kontroll over låtskriving for det neste albumet sitt, Impossible Princess (1997).

Minogue kom tilbake til rampelyset i 2000 med singelen «Spinning Around» og det dansepop-orienterte albumet Light Years, og ho opptredde under avslutningsseremonien i Sommar-OL 2000. Musikkvideoane hennar viste ein meir seksuelt provoserande og flørtane personlegdom, og fleire hitsinglar følgde. «Can't Get You Out of My Head» nådde førsteplassen på hitlistene i over 40 land, og albumet Fever (2001) var ein hit i mange land inkludert USA, ein marknad der Minogue tidlegare hadde fått lite gjennomslag.

Biografi og karriere 1968–86: Tidleg liv Kylie Ann Minogue vart fødd 28. mai 1968 i Melbourne i Victoria i Australia som det første barnet til Ronald Charles Minogue, ein rekneskapsførar av irsk opphav, og Carol Ann Jones, ein tidlegare dansar frå Wales. Ho er eldst av tre sysken, systera Dannii Minogue, er òg songar og skodespelar, og ein dommar på Australia's Got Talent, medan broren Brendan arbeider som fjernsynskameramann. Minogue-borna voks opp i Surrey Hills i Melbourne.

Minogue-systrene byrja karrierane sine som born på australsk fjernsyn. Kylie dukka opp i små rollar i såpeoperaer som The Sullivans og Skyways. I 1985 fekk ho ei av hovudrollene i serien The Henderson Kids. I eit forsøk på å skape ein karriere innan musikk, laga ho ein demo for produsentane av det vekentlege musikkprogrammet Young Talent Time. Ho deltok i serien i 1985, men vart ikkje invitert til å vera med vidare. Ho fekk deretter ei rolle som Charlene Mitchell i såpeoperaen Neighbours i 1986, ei rolle som gjorde henne kjend både i Australia og internasjonalt.Alan McKee (red.), Beautiful Things in Popular Culture (John Wiley & Sons, 2008), s. 179

1987–92: Dei første åra i musikkbransjen Minogue sin karriere som musikar byrja då hennar versjon av 60-talslåta «The Loco-Motion» blei høyrd av ein leiar ved eit plateselskap. Som den første singelen til Minogue heldt «The Loco-Motion» seg sju veker på førsteplassen på dei australske musikklistene. Den selde 200 000 eksemplar og vart den bestseljande singelen på 1980-talet. Etter dette byrja ho eit samarbeid med låtskrivarane Stock Aitken Waterman og plateselskapet PWL. Singelen «I Should Be So Lucky» nådde fyrsteplass på topplistene i Storbritannia og andre europeiske land, Australia, Israel og Hong Kong,Smith, Kylie Confidential. s. 219 og vart ein hit i mange delar av verda.

Det første albumet hennar Kylie (1988) heldt seg over eit år på den britiske albumlista, inkludert fleire veker på fyrsteplass.Brown, Kutner, Warwick, The Complete Book of the British Charts Singles and Albums. s. 673–674 Albumet selde ikkje så godt i USA og Canada, sjølv om singelen «The Loco-Motion» nådde nummer tre på Billboard Hot 100, og førsteplass på den kanadiske hitlista. Det vart selt meir enn sju millionar på verdsbasis, det meste i Europa og Asia. «It's No Secret» vart utgjeven berre i USA og nådde nummer 37 i tidleg 1989, og «Turn It into Love» vart utgjeven som singel i Japan og nådde fyrsteplass. I juli 1988 vart «Got to Be Certain» den tredje rake førsteplassen til Minogue på dei australske hitlistene. Andrealbumet Enjoy Yourself (1989) vart ein suksess i Storbritannia, Europa, New Zealand, Asia og Australia, og inneheldt fleire suksessfulle singlar, blant anna «Hand on Your Heart» og «Tears on My Pillow», men det floppa i Nord-Amerika og Minogue vart droppa ut frå plateselskapet Geffen Records. Seinare la Minogue ut på den første turneen sin, Enjoy Yourself Tour, i Europa, Asia og Australia.

Albumet Rhythm of Love (1990) presenterte ei meir sofistikert og vaksen form for dansemusikk. Fast bestemt på å bli akseptert av eit meir moge publikum, tok Minogue kontroll, fyrst med singelen «Better the Devil You Know», og presenterte seg sjølv som ei seksuelt mogen kvinne.Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 32 Singlane frå Rhythm of Love selte godt i Europa og Australia og var populære på britiske nattklubbar. Singelen «Shocked» vart den trettande britiske Top 10-singelen hennar på rad. I februar 1991 la ho ut på den andre turneen sin, Rhythm of Love Tour.

Det fjerde albumet hennar, Let's Get to It (1991), nådde 15. plass på UK Albums Chart og var det første av albuma hennar som ikkje klarte å nå Top 10. Den fjortande singelen, «Word Is Out», vart den første singelen hennar til å ikkje komme på Top 10. Derimot kom dei etterfølgjande singlane «If You Were with Me Now» og «Give Me Just a Little More Time» høvesvis på fjerde- og andreplass. Ho la ut på turneen Let's Get to It Tour i oktober 1991. Det første samlealbumet til Minogue, Greatest Hits, kom ut i 1992, og nådde førsteplassen på albumlista i Storbritannia og tredjeplassen i Australia.

1994–98: Kylie Minogue og Impossible Princess Avtalen med Deconstruction Records vart mykje omtalt i media som byrjinga på ein ny fase i karrieren hennar. Det sjølvtitulerte albumet Kylie Minogue kom ut i september 1994, og selde godt i Europa og Australia. Det vart produsert av Dave Seaman og Steve Anderson, som tidlegare hadde produsert «Finer Feelings», den siste singelen hennar med PWL. Den første singelen «Confide in Me» heldt seg fem veker på fyrsteplassen av topplista i Australia. Den andre singelen «Put Yourself in My Place» og den neste singelen «Where Is the Feeling?», nådde begge den Top 20-lista på UK Singles Chart. Albumet nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart, og totalt vart det selt 250 000 eksemplar av dette albumet.Sutherland, Ellis, Kylie: Showgirl. s. 51

I denne perioden gjorde Kylie Minogue ein gjesteopptreden som seg sjølv i ein episode av den britiske TV-serien The Vicar of Dibley. Regissøren blei fascinert av omslagsbildet i det australske tidsskriftet Who Magazine, der Minogue var framstilt som eit av dei vakraste menneska i verda, og tilbaud henne ei rolle i filmen Street Fighter (1994).Smith, Kylie Confidential. s. 152 Filmen vart ein moderat suksess, han tente 70 millionar dollar i USA, men fekk dårlege kritikkar. I 1995 samarbeidde Minogue med Nick Cave på songen «Where the Wild Roses Grow». Musikkvideoen var inspirert av John Everett Millais sitt måleri Ophelia (1851–52), og viser Minogue som den myrda kvinna, flytande i ein dam medan ein slange sym over kroppen hennar. Singelen hausta stor merksemd i Europa, der han nådde Top 10 i fleire land, og andreplassen på listene i Australia. Songen vann ARIA Awardar i kategoriane «Song of the Year» og «Best Pop Release».

Sjettealbumet til Minogue kom i 1997 og heitte Impossible Princess. Albumet inneheld samarbeid med musikarar som James Dean Bradfield og Sean Moore frå Manic Street Preachers. Til å hovudsakleg vera eit dansepopalbum, skilde den første singelen «Some Kind of Bliss» seg ut såpass at Minogue måtte slå tilbake påstandar om at ho prøvde å bli ein indieartist. Videoen til singelen «Did It Again» hylla dei tidlegare inkarnasjonane hennar, slik det framgår av biografien hennar Kylie: La La La.Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 113 Tidsskriftet Music Week gav ei negativ vurdering av albumet. I Storbritannia kom albumet ut med tittelen Kylie Minogue, grunna dødsfallet til Prinsesse Diana, og vart albumet med lågast sal i karrieren hennar. I Australia heldt Impossible Princess seg fleire veker på albumlista, og nådde fjerdeplassen, slik at det vart hennar mest suksessfulle album sidan Kylie i 1988. Turneen Intimate and Live Tour i 1998 vart utvida på grunn av etterspurnaden.Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 125

1999–2004: Light Years, Fever og Body Language mini|Minogue opptrer under Money Can't Buy i 2003. Minogue signerte med Parlophone i 1999. Albumet Light Years frå 2000 var ei samling av discoinspirerte dansepopsongar. Det fekk gode platemeldingar og gjorde det bra i heile Asia, Australia, New Zealand og Europa, og selde over ein million eksemplar i Storbritannia. Singelen «Spinning Around» vart den fyrste britiske singelen hennar på ti år til å nå fyrsteplass, og den tilhøyrande videoen viser Minogue i gylne hotpants. Dette vart rekna som «varemerket» hennar.Smith, Kylie Confidential. s. 189–192 Singelen vart skildra av The Times som ein ny æra i synthpop. Den andre singelen, «On a Night Like This», nådde fyrsteplass i Australia og andreplass i Storbritannia. I 2000 spelte Minogue «Dancing Queen» av ABBA og sin eigen singel «On a Night Like This» under avslutningsseremonien til OL i Sydney. Ho drog på turneen On a Night Like This Tour i Australia og Storbritannia.

I 2001 gav Minogue ut albumet Fever. Det nådde fyrsteplassen i Australia, Storbritannia, og mange land i Europa, og selde i overkant av åtte millionar. Den første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart den største suksessen i karrieren hennar, og nådde fyrsteplass i meir enn 40 land. Minogue vann fire ARIA Awardar òg to Brit Awardar, for beste internasjonale kvinnelege soloartist og beste internasjonale album. Tidsskriftet Rolling Stone skreiv at singelen «Can't Get You Out of My Head» var ein av dei beste dansesongane i det nye hundreåret. Fever nådde tredjeplassen på Billboard 200 og «Can't Get You Out of My Head» nådde nummer sju på Billboard Hot 100. Dei påfølgjande singlane «In Your Eyes», «Love at First Sight» og «Come into My World» gjorde det bra over heile verda, og Minogue vart etablert i den nordamerikanske marknaden, særleg i klubbmiljøet. Etter denne suksessen sette ho i 2002 ut på ein stor turne rundt om i verda, KylieFever2002. Ein DVD frå turneen, KylieFever2002: Live in Manchester, vart kåra til den beste konserten det året. I 2003 vann Minogue ein Grammy-pris for «Love at First Sight», og året etter vann ho den same prisen for «Come into My World».