Samband er kommunikasjon, særleg innan militæret. Nokre sambandsformer: Linjesamband - Det er faste linjer mellom operatørane. Radio - Operatørane kommuniserer ved hjelp av apparat som kan sende ut og ta imot radiobølgjer på ymse frekvensar. Stemme - Operatørane nyttar mikrofon og høgtalar for å sende og motta tale gjennom ein radio. Morse - Operatørane nyttar ein morsenøkkel for å sende meldingar på morsealfabetet. Fjernskrivar - Er eit apparat som kan sende og motta tekst som datasignal gjennom ein radio. Kringkastar - Nyttar dei same prinsippa som fjernskrivaren, men kommunikasjonen går berre ein veg. Blink - Operatørane nyttar ei aldislampe (lyskastar) som kan blendast for å sende meldingar på morsealfabetet. Semafor - Operatørane nyttar flagg eller lett synlege plater som dei held i hendene for å kommunisere gjennom eit semaforalfabet. Dette alfabetet går ut på at operatøren held armane i spesielle posisjonar i høve til kroppen. Kvar posisjon tilsvarar ein bokstav.

Sjå òg Kryptering

Kategori:Militærvesen Kategori:Kommunikasjon Kategori:Militær kommunikasjon Kategori:Samband