Daymer Bay er ei bukt og ei strand på austsida av River Camel-estuaret nord i Cornwall i Storbritannia. Ho ligg nedanfor landsbyen Trebetherick. Bukta grenser i nord til Trebetherick Point og i sør til Brae Hill.
mini|venstre|Daymer Bay sett frå Trebetherick Point med Brae Hill til høgre på biletet. St Enodoc-kyrkja ligg midt på stranda.
Stranda vert mykje nytta til brettsegling og kitesurfing. Daymer Bay-stranda har mange sanddyner og bak desse ligg St Enodoc-kyrkja der diktaren John Betjeman er gravlagd.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Daymer Bay» frå , den 21. desember 2009.
Kategori:Strender i Cornwall Kategori:Bukter i Cornwall