Olaug Johanne Svarva () er ein norsk siviløkonom som 17. februar 2006 vart utnemnd til administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Rune Selmar.

Ho kom frå stillinga som investeringsdirektør i SpareBank 1 Livsforsikring AS, ei stilling ho hadde hatt sidan 2004. Svarva har utdanning frå Trondheim Økonomiske Høgskole, bachelor og MBA frå Denver i USA og i vaksen alder tok ho utdanning som autorisert porteføljefovaltar ved Norges Handelshøyskole i Bergen. På 1980-talet arbeidde ho for Den norske Creditbank og for Carnegie. Frå 1991 til 2001 hadde ho fleire stillingar i Folketrygdfondet.«Hun bestemmer hvem som skal reddes» av Ingrid Indset på E24.no (08.02.2009).

Ho er medlem av bedriftsforsamlinga og valkomiteen i Orkla. Ho er også i valkomiteen i Oslo Børs Holding.

Kjelder «Olaug Svarva» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 23. desember 2009. CV på orkla.com

Referansar

Kategori:Norske siviløkonomer Kategori:Folk frå Steinkjer