mini|Widemouth Bay om sommaren
Widemouth Bay er ei bukt og ei strand på atlanterhavskysten av Cornwall i England i Storbritannia, om lag 5 km sør for Bude. Denne kyststrekninga vart mykje nytta av smuglarar i tidlegare tider og like sør for Widemouth Bay finst mange små viker og bukter.http://www.thisisnorthcornwall.com/widemouth-bay.html
Aktivitetar Stranda vert mykje nytta til surfing og symjing, og her er badevakter om sommaren. Fleire surfeskular held til ved stranda.http://www.bbc.co.uk/cornwall/content/articles/2005/06/15/bg_widemouthbay_feature.shtml Her finst òg fleire kafear, pubar og butikkar.
Transatlantiske kablar Åsane heller slakt ned mot bukta og fleire undersjøiske kablar over Atlanteren går i land akkurat her. Fleire av desse er viktige koplingar mellom Storbritannia og USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Widemouth Bay» frå , den 26. desember 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Landsbyar i Cornwall Kategori:Strender i Cornwall Kategori:Bukter i Cornwall