Karasjok (nordsamisk Kárášjohka) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Karasjok kommune i Finnmark. Tettstaden ligg ved elva Kárášjohka, omkring møtepunktet mellom vegane E6 og riksveg 92, om lag 13 kilometer frå riksgrensa til Finland. Karasjok har og det meste av busetjinga i kommunen er konsentrert til tettstaden. Tettstaden Karasjok blir lokalt også kalla for Kirkestedet.
I Karasjok kjem den samiskspråklege avisa Ávvir ut fem dagar i veka. Tettstaden er sete for ei rekkje sentrale samiske institusjonar, mellom dei Sametinget, NRK Sápmi, museet De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek. Karasjok har produksjon av jernvarer og trevareindustri. Like nord for tettstaden ligg ein seismologisk stasjon. Det er to kyrkjer i tettstaden: Karasjok kyrkje og Karasjok gamle kyrkje, som er den eldste trekyrkja i Finnmark.
Frå Karasjok går E6 nordover til Lakselv og austover til riksgrensa til Finland. Frå Kautokeino i sørvest kjem riksveg 92 og går frå tettstaden Karasjok vidare langs sørbreidda av elva Kárášjohka.
Historie
Det første telefonsambandet mellom Karasjok og resten av Noreg kom i 1909.Den samiske sentralen. Telenor Norge. Vitja 21. april 2020
Sjå òg Karasjok kommune Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen
Referansar
Kategori:Geografi i Karasjok Kategori:Tettstader i Finnmark Kategori:Kommunesenter i Finnmark