Gamvik er eit fiskevær i Gamvik kommune, nordaust i Finnmark. Staden ligg på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord», og ligg på nordkysten av Nordkinnhalvøya. I 2006 hadde han omtrent 200 innbyggjarar. Tradisjonelt har fiske vore hovudnæringa i Gamvik. Det siste fiskebruket blei lagt ned i 2008 etter ei rekkje oppstartar og nedleggingar dei siste 20 åra. Det blir i dag satsa mykje på turisme då verforholda gjer Gamvik til ein god stad for både havfiske og ferskvassfiske i Risfjordelva og Sandfjordelva.
Slettnes fyr, verdas nordlegaste fastlandsfyr, ligg omtrent 4 km nord for Gamvik. Ved Slettnes ligg også Slettnes naturreservat, som er ein viktig hekkeplass for mange fugleartar, og mellom anna har Noregs nest største tjuvjokoloni. Vest for Slettnes ligg Steinvågen, der ein finn ein av Noregs best bevarte steinlabyrintar. I Gamvik ligg også Gamvik Museum.
Gamvik har eiga kyrkje og skule, og fekk også den første flystripa, Gamvik flyplass, i kommunen på 1970-talet, men etter opninga av Mehamn flyplass har stripa berre blitt brukt i nødsfall. Gamvik fekk, saman med resten av Nordkinnhalvøya vegsamband med fastlandet då riksveg 888 opna på slutten av 1980-talet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Har ventet i 100 år – først nå sikres fiskeværet mot uvær med ny molo (17. august 2020). NRK
Kategori:Geografi i Gamvik Kategori:Fiskevær i Finnmark