mini|North Foreland North Foreland og South Foreland er to nes av kalkstein aust i Kent sør i England. North Foreland dannar austenden av Isle of Thanet. South Foreland ligg 5 km nordaust for Dover ved Doversundet og markerer den sørvestlege enden av St Margaret's Bay (kalla opp etter landsbyen St Margaret-at-Cliffe). Begge består av bratte klipper og har eit flott utsyn over Nordsjøen. På North Foreland står North Foreland fyr og på South Foreland står to. Det eine gjekk ut av drift i 1910 og det andre i 1988.

South Foreland er den geologiske motparten til Cap Blanc Nez heilt nord i Boulonnais i det franske departementet Pas-de-Calais. Dei to står på kvar si side av Doversundet. Neset er derfor det punktet i Storbritannia som er nærast det europeiske fastlandet, som ligg 34 km unna.

Krig To sjøslag under dei engelsk-nederlandske krigane er kalla slaget ved North Foreland etter neset: Slaget ved the Gabbard, 12. til 14. juni 1653 under den første engelsk-nederlandske krigen. St. James's Day-slaget, 4. til 5. august 1666 under den andre engelsk-nederlandske krigen.

Under den andre verdskrigen stod ein radarstasjon på South Foreland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «North and South Foreland» frå , den 16. januar 2010.

Bakgrunnsstoff National Trust: South Foreland Bilete av North og South Foreland

Kategori:Nes i England Kategori:Geografi i Kent