Fauske (lulesamisk , pitesamisk ) er ein by og administrasjonssenteret i Fauske kommune i Nordland. Byen har og ligg inst i Fauskevika, ein arm av Skjerstadfjorden.
Fauske er eit kommunikasjonssenter med stasjon på Nordlandsbanen og utgangspunkt for Nord-, og Norgebussen til Kirkenes. Frå E 6 i Fauske fører riksveg 80 vestover til Bodø, og på Finneid lengst aust i tettstedet fører fylkesveg 830 austover til Sulitjelma. Fauske fungerer som servicesenter for Indre Salten. I Fauske er det variert industri, mellom anna bearbeiding av stein (marmor).
I byen ligg Fauske bygdetun, ein del av Nordlandsmuseet, Fauske kyrkje, som er ei langkyrkje i tre frå 1867, Fauske vidaregåande skole og Fagskolen i Fauske som gir tilbod innan bergverksdrift og tunnelarbeid.
Sjå òg Tettstader i Nordland
Kjelder
Kategori:Geografi i Fauske Kategori:Byar i Nordland Kategori:Tettstader i Nordland Kategori:Kommunesenter i Nordland