mini|«Geonåla» er laga av forskjellige bergartar som ein finn langs Jurassic Coast og markerer den vestlege enden av denne kyststrekninga ved Orcombe Point nær Exmouth i Devon.

Orcombe Point er eit nes nær Exmouth i Devon i England.Orcombe Point , World Heritage Coast . Neset markerer det vestlege endepunktet for Jurassic CoastOfficial Jurassic Coast Miniguide., som er ein verdsarvstad. Punktet er markert med ei «Geonål» som vart avduka av prins Charles av Wales i 2002 under innviinga av verdsarvstaden.

Geonåla står høgt på Orcombe Point og er bygd av forskjellige bergartar, alle dei viktigaste bergartane ein finn langs Jurassic Coast.

Når ein vandrar ned til Orcombe Point kan ein sjå fleire lag med forskjellige sedimentære bergartar, som vart lagt ned under forskjellige geologiske tilhøve. Nedst kan ein sjå sandstein og lenger oppe bergartar som er lagt ned i rolegare farvatn (siltstein og leirstein).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Orcombe Point» frå , den 18. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Nes i Devon Kategori:Jurassic Coast