Asterisk (*, Unicode U-066D) er eit typografisk symbol. Namnet kjem av gresk , og tyder ‘lita stjerne’.

Ein brukar teiknet * (asterisk) i overkant av ei tekstline for å markere at ein viser til ein fotnote.

Innan språkhistorie vert teiknet * (asterisk) framom eit ord eller uttrykk bruka for å markere at forma er konstruert, men ikkje påvist.

Innan språkvitskapen vert teiknet * (asterisk) brukt for å vise at eit ledd eller ein setning er ugrammatisk.

I programmeringsspråk og i rekneark vert * (asterisk) bruka som multiplikasjonsteikn (gongeteikn).

Sjå òg Asterix obelisk

Kjelder

Kategori:Symbol Kategori:Skiljeteikn