mini|Relikvie etter Hermanus Contractus. Hermanus Contractus (), også kjend som Hermannus Augiensis eller Hermann frå Reichenau, var ein musikkteoretikar, komponist, matematikar og astronom frå 1000-talet.
Hermanus eller Hermannus var kalla «contractus» (den samankropne) på grunn av ein beinskade han fekk i barneåra (truleg poliomyelitt). Det meste av livet budde han i Reichenau, der han var i kloster. Han arbeidde innanfor alle dei fire Quadrivium-faga.
Hermann var son av greven Wolfrat von Altshausen. Sjukdomen han hadde frå barneåra gjorde han uskikka til praktisk arbeid, og han vart send i klosterskole. Han var i kloster frå 1020. Her fekk han vitskapleg opplæring og grunnutdanning.
Hermann har skrive musikkteori, astronomiske og matematiske utgreiingar, og ei avhandling om geometri. Han skreiv og eit historisk oversyn over tida frå Kristi byrd til hans eiga samtid. Verket hans vart vidareført av eleven Berthold av Reichenau. Verket De Musica var ei vidareføring av Guido d`Arezzo sine tankar, og han la siste hand på kyrkjetoneartsystemet. To antifonar er tilskrivne Hermann: Alma redemptoris mater, og Salve Regina.
Hermann vart saligkåra av den katolske kyrkja i 1863.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hermann of Reichenau» frå , og «Hermann von Reichenau» frå den 3. februar 2010.
engelsk og tysk Wikipedia.
Kategori: folk frå Reichenau Kategori:Tyske musikkteoretikarar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Tyske astrologar
Kategori:Døde i 1054 Kategori:Mellomalderkomponistar Kategori:Matematikarar på 1000-talet Kategori:Saligkåra personar