Helge Stangnes () er ein norsk lyrikar som debuterte i 1992 med samlinga Lys langs en fjord. Frå 1960 til 1991 arbeidde han som lærar ved skular i Tromsø, før han tok tok hovudfag med forsking på Senja-målet. Hovudoppgåva hans i norsk heitte Stadnamn frå Stonglandet og Lemmingvær på Senja : med vekt på historie, kultur - og arbeidsliv. Han har vore tilsett ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Tromsø, og er medlem av Nordnorsk Forfatterlag. Stangnes gir ut bøker på Nordkalottforlaget på Stonglandseidet. Han omtalar dikta sine som «brukspoesi» og dei er skrivne på tilnærma Senja-dialekt, for og frå nordnorsk kystkultur.
Verk 1992 – Lys langs en fjord, NordKalott-forlaget 1996 – Landet og lyset, diktsamling, NordKalott-forlaget Tekstar til Johs. Røde, Lofotens Røde (CD), samt fleire utgjevingar med Boknankaran 2000 – Tromsødialekten, Tromsøboka 2001 – Landet og Tonen, forestilling i samarbeid med Johs. Råde, framført av Nordlendingenes Forenings kor i Oslo 2002 – Kjøss meg på måndag - så har du heile vekka fri : gamle ord, ordtak og regler frå Senja, Sør-Troms og Midt-Troms, Nordkalott-forlaget 2004 – Nothundliv. Bestillingsverk for kabaret, til Lenvik kommune i 2000 (inneheld mellom anna «Krilvalsen», «Sildkvælartango», «Sirop og solar (Hartvig handelsmann si vise)», «En hælsikes prosedyre» (om å få start på ein 60 Union), «Nattsild blues», «Notlinarshanty», «Fest i Innerhopen», «Jent'n i værret», «Anna Maria», «Du hælgolands Hænrek»), også utgjeven på CD 2004 – Frø i Vind, diktsamling, Nordkalott-Forlaget 2005 – Han som gjekk først : forfattaren, skolemannen og kulturforkjemparen Lars Berg, redigert saman med Aud Tåga, artikkelsamling om forfattaren Lars Berg. 2005 – Fantartisk, framført av poesigruppa Poetica (Helge Stangnes, Erling Stangnes og Arvid Ingebrigtsen) på Kulturhuset i Finnsnes 2011 – Vintersang : viser og dikt
Prisar og utmerkingar 1995 – Tranøy kommunes kulturpris 1996 – Blix-prisen
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Helge Stangnes» henta frå Wikipedia på bokmål 4. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Helge Stangnes hjå Nasjonalbiblioteket Om Helge Stangnes på nettstaden Litteraturnett Nord-Norge Helge Rykkja: «Kva med Helge Stangnes?» Utgjevingar av Helge Stangnes i BIBSYS Ask
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Tranøy Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Nordnorske målfolk Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1992 Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg Kategori:Folk frå Senja