Zlín er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Zlín okres i regionen Zlín kraj i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Dřevnice søraust i Mähren. Zlín har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).
Utviklinga av den moderne byen er nært knytt til selskapet Bata Shoes, ein kjend skoprodusent. Under leiinga til Tomáš Baťas oppstod den moderne Zlín på første halvdel av 1900-talet, og byen utvikla seg frå ein søvnig småby til ein moderne by med (etter standard på den tida) hypermoderne arkitektur. Mellom anna ligg den høgaste bygningen i Tsjekkia i byen.
Zlín er òg kjent for ishockeylaget HC Zlín. Byen husar universitetet Univerzita Tomáše Bati ve Zlíně, skipa i 2000.
Administrativ inndeling
Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Zlín er ein slik by med utvida fullmakter.
Lovbestemt by Pardubice har status som lovbestemt by frå 1990.
Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Zlín og områda rundt. 23 kommunar frå det administrative området til Vizovice inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 13 kommunar frå andre administrative område i regionen.
Kommunar Det administrative området til Zlín omfattar 30 kommunar. Av desse er 2 byar (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.
Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Zlín SO 100 931 98 559 98 142
Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Zlín 74 178 Fryšták 3 661 1 817 1 726 1 349 1 342 1 299
Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Zlín 48 317 1 817 1 726 Fryšták 1 470 1 403 1 349 1 342 1 299
Bydelar i Zlín mini|250px|Bydelar i Zlín Bydelane og tettstadene i Zlín:
Bydel/tettstad Folketal 2021 Zlín 48 317 Zlín by 48 317 Chlum 144 Jaroslavice 822 Klečůvka 332 Kostelec 1 909 Kudlov 2 195 Lhotka 235 Louky 1 027 Lužkovice 634 Malenovice 7 156 Mladcová 2 525 Prštné 3 345 Příluky 2 931 Salaš 195 Štípa 1 798 Velíková 613 Zlín kommune 74 178
Merknader
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zlín» frå , og «Zlín» frå den 4. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Bata Memories - prosjekt om historia til Bata Shoes Historia til Zlin, gamle bilete og postkort Zlín internasjonale filmfestival for barn og ungdom
Zlin Zlin Zlin Zlin