mini|Cramond Island og stien over. Cramond Island (skotsk-gælisk Eilean Chathair Amain) er ei av fleire øyar i Firth of Forth aust i Skottland, nær Edinburgh. Øya ligg utanfor Cramond og er 500 meter lang og 7,7 hektar stor.http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst1593.htmlWilson, Rev. John The Gazetteer of Skottland (Edinburgh, 1882) Published by W. & A.K. Johnstone. Cramond Island er i røynda ei tidvassøy og er landfast ved lågvatn. Det går ein brulagt sti over til øya, som går an å nytte ved fjøre. Ved høgvatn er det derimot ikkje mogeleg å nytte stien.

Gjennom det meste av historia vart Cramond Island nytta til jordbruk, særleg sauehald. Øya var ein gong kjend for østers, men desse vart utrydda i området etter overfiske. Då den andre verdskrigen braut ut, vart det bygd festningsverk på øya. Fleire av desse bygningane står framleis.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cramond Island» frå , den 8. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Firth of Forth Kategori:Tidvassøyar i Skottland