Island Macaskin eller MacAskin (skotsk-gælisk Eilean MhicAsgain) er ei øy i Loch Craignish i Indre Hebridane i Skottland.
Øya var tidlegare busett, og i motsetnad til mange av dei skotske øyane har ho ein god del skog. Det ser ut til at øya vart heilt fråflytta i 1880-åra. I dag finst det enkelte murar, ein saueinnhegning og kalkomn på øya.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 56-58. ISBN 1841954543.
Det veks mykje villblomar på øya, men ikkje så mange som på den nærliggande Eilean Rìgh.
mini|venstre|Austsida av Island Macaskin Øya er lang og smal, frå sørvest til nordaust, og går parallelt til kysten på fastlandet. Ho består hovudsakleg av ein rygg der vestsida er høgare enn austsida. Det høgaste punktet på øya er 65 meter over havet. Fleire skjer strekkjer seg sørover frå øya og ut i Sound of Jura.
Grunnfjellet på øya er metamorf apidioritt med noko kvarts sør på øya.
Det ligg fleire mindre øyar kring Island Macaskin, som Eilean nan Gabhar, Eilean nan Coinean, Garbh Rèisa, Rèisa an t-Sruith, Rèisa MhicPhàidein og Eilean na Cille.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Island Macaskin» frå , den 15. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Geografi i Argyll and Bute