Fraoch-Eilean er ei lita øy nord for Benbecula i Ytre Hebridane i Skottland. Ho er om lag 30 hektar stor og det høgaste punktet på øya ligg berre 11 meter over havet. Namnet kjem frå gælisk for «lyngheiøy».
Ein banke knyter ho til Grimsay og der finst ein busetnad kalla Seana Bhaile (skotsk-gælisk for «gammal landsby»). North Uist ligg i nord og North Ford-moloen i vest. Dei små øyane Eilean Roinoch og Màs Grimsay ligg like aust for Fraoch-Eilean.
I følgje folketeljinga i 2001 budde det ikkje folk på øya, men det er tydeleg frå både kart"Get-a-Map". Ordnance Survey. og bileteFergusson, Dave (24. mai 2007) "Houses on Seana Bhaile" Geograph.Wilding, Stuart (20. juni 2008) "Gearraidh Dubh" Geograph. at det er folk som bur her. Det er eit stort problem å definere øyar i HebridaneTil dømes skriv Haswell-Smith (2004) om Eileanan Iasgaich som ei øy, medan ho ved høgvatn vert mange små tidvassøyar. og det er truleg at folketalet har vorte ein del av folketalet til Grimsay, som har over 800 innbyggjarar. Kart frå Ordnance Survey indikerer om lag 10-12 hus, så 10-35 innbyggjarar er truleg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fraoch-Eilean» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene: General Register Office for Scotland (28. november 2003) Occasional Paper No 10: Statistics for Inhabited Islands . Henta 9. juli 2007. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane