Fabio Capello () er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare spelar. Som profesjonell fotballspelar spelte han for dei italienske klubblaga AS Roma, Juventus og AC Milan. Han vart ligameister med Juventus i 1972, 1973 og 1975 og med Milan i 1979. Capello har seinare etablert seg som ein av dei mest suksessfulle trenarane i Europa; Han har trena AC Milan i to periodar, Roma og Juventus i tillegg til Real Madrid i Spania i to periodar. Han vann seriemeisterskapen med AC Milan i 1992, 1993, 1994 og 1996 og Meisterligaen i 1994. Med AS Roma vann han seriemeisterskapen i 2001 og med Real Madrid i 1997 og 2007. Capello vart også seriemeister med Juventus i 2005 og 2006, men laget mista seinare desse titlane som fylgje av Calciopoli-skandalen. Capello var trenar for Englands herrelandslag i fotball frå 2008 til 2012, då han trekte seg etter at Det engelske fotballforbundet fråtok John Terry kapteinsbindet på landslaget grunna skuldingar om rasisme. Meritar Italiensk seriemeister: 1972, 1973 og 1975 med Juventus og 1979 med AC Milan Italiensk cupmeister: 1969 med Roma og 1977 med AC Milan Kjelder
Fotnotar
Kategori:Italienske fotballtrenarar Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974