«One of Us Must Know (Sooner or Later)» er ein song skriven og framført av Bob Dylan på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966. Han vart spelt inn seint i 1965 i New York med medlemmer frå The Band (då kalla The Hawks). Songen var ein av to songar frå denne innspelinga som vart nytta vidare. Den andre var «Can You Please Crawl Out Your Window?», som vart gjeven ut som singel i 1965. Denne songen er ei kjenslemessig tilståing av mistydingar og unnskyldningar frå songaren til ei kvinne som på tragisk måte har kome bort frå han. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 33. plass på den britiske singellista, men nådde berre 119. plassen på den amerikanske Billboard's Bubbling Under-lista.

Bakgrunn I følgje Jonathan Singer var det Paul Griffin som spelte piano på «One of Us Must Know (Sooner or Later)».

Andre versjonar Ein Phil Spector-aktig versjon av songen vart gjeven ut av Les Fradkin på If Your Memory Serves You Well (2006).

Mick Hucknall spelte inn songen i 2012 på samlealbumet Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.

Norsk versjon Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein norsk tekst til songen, kalla «Før eller seinare (må ein av oss forstå)» på albumet Blondt i blondt i 2016.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «One of Us Must Know (Sooner or Later)» frå , den 5. mars 2010.

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Old Crow Medicine Show-songar Kategori:Tom Roger Aadland-songar